Vellesætra
Foto: Ole Roger Lindås
På denne turen bur vi stort sett i telt nær to av Sunnmøres største naturatraksjonar: Molladalen og Slogen. På turen opplever vi dei store kontrastane i eit landskap der fjord, skog, fjell, tindar og brear finnest tett innpå kvarandre. Molladalen er mest kjent for sine bratte vegger og pinaklar inkl. Bladet, og er eit populært klatreområde. Men vi skal på vanleg fottur. Slogen er ein majestetisk fjelltopp skildra i Til fots i Norge (TFN) på. 341.
Kart: Turkart Sunnmørsalpane 1: 50 000.
Laur. 28.07.01 kl. 0800 Avreise frå Oslo med privatbil via Sogndal, Nordfjord og Ørsta til Barstadvik, der bomveg til Barstadsætra (200 m o.h.). Vi slår opp telt nær bilane. Kjørelengde frå Oslo 55 mil.
Søn. 29.07.01. Vi flyttar leir til Molladalen. 2-3 timers gange (4 km) til eit av dei 8 tjerna om lag 760 m o.h. langs rute 1180 i TFN. Truleg blir leiren ved det sørvestre tjernet eller ved Storevatnet. Kortare fottur etterpå til ein topp. (Olsok).
Mån. 30.07.01. 12-14 km rundtur (ca 5 t), stort sett på sti, forbi Storefossen, gjennom Romedal med sætrar og øvre del av Barstaddalen. Topptur kan leggjast inn i runden etter ønske. Del av rute 1115, 1180 og 1181 i TFN.
Ty 31.07.01. Vi takkar for oss i Molladalen, går tilbake til bil(ane) og drar med ferje til Leknes og Urke. Vi kjøper inn mat for resten av turen i butikken. Så går vi på sti frå Urke til Langesæterdalen og etablerer teltleir ved Litlevatnet (702 m o.h.) eller Storevatnet (735 m o.h.) ca. 3t / 6 km inn i dalen. Flott utsikt til Slogen.
Ons. 01.08.01. Slogen (1564 m o.h.). ca 4-5 t opp og ned. Flott utsikt til tindar og Norangsfjorden. Sti. Mulighetene for ryggtravers via Jenteskardet vil bli undersøkt.
Tors. 02.08.01. Kviledag.
Fre. 03.08.01. «Overnattingstur» via Brunstaddalen til vakre Vellesætra (ubetent, 9 senger). Ca 6 - 7 t / 17 km. Rute 1183, 1184 og 1185 i TFN. Vi lar telta stå att på eigenhand.
Vellesætra. Foto: Ole Roger Lindås
Laur. 04.08.01. Retur til teltplassen via Gullmorbrekka (Del av rute 1185 i TFN). 10 km / 5-6 t. Dersom vi ikkje er seine kan vi starte på heimreisa (1,5 t ekstra gåing). Fullmåne.
Søn. 05.08.01. Heimreise.
Pris: Bilspleis, ferjer, bompengar, ei overnatting på Vellesætra (ubetent).
Mat: Kvart teltlag bestemmer sin meny sjølv og handlar inn.
Maks tal på deltakarar: 8
Turkoordinator Ole Roger Lindås
Påmelding: Øyvind Grandum
Påmelding: Helst innan 14. juli.
Kontaktperson: Ole Roger Lindås